http://www.gimp.no/index.php
Logg inn
Brukernavn:

Passord:


Mistet passord?

Register deg nå!
Hovedmeny
   Alle innlegg (kolbjorn)


(1) 2 3 4 ... 17 »


Re: Ligge ett bilde over på ett annet bilde
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
Sidan du ikkje finn ut av den nyaste utgåva av GIMP, kan det hende du bruker programmet i enkeltvindauge-modus. Finn fram til menyen "Vindauge" ("Vindu"). Den siste linja der heiter "Enkeltvindauge-modus" eller noe liknande. Har du eit merke foran namnet her, klikk på namnet for å slå av dette merket. Då vil du få GIMP slik programmet var før.

Så over til spørsmålet:
Kopier det øvste bildet inn i det nedste bildet som nytt lag. For å sjå motivet i det nederste bildet, kan du setje dekkevna for det øvre laget til f.eks. 50% (i lagdialogen).
Bruke viskeleret og visk bort det øvre bildet der det nedre bildet skal vere synleg. Legg det tredje bildet øvst som nytt lag, og gjer det same. For å sjå deler av det nedste bildet, må begge laga over vere gjennomsiktige.
Kanskje litt kort forklaring, men sidan du har fåt dette til før, reknar eg med at du får det til å også. Elles er det bare å kome tilbake hit. Vi hjelper gjerne.

Bilde-1: det nederste bildet, bilde-2 som lag 2. Bilde-3 dekkevne 50%. Bilde-4 det ferdige resultatet.

Legg ved fil:



png  bilde_1.png (120.58 KB)
19_511bf626e8c50.png 250X174 px

png  bilde_2.png (98.49 KB)
19_511bf64586606.png 250X174 px

png  bilde_3.png (108.27 KB)
19_511bf66a90298.png 250X174 px

png  bilde_4.png (103.96 KB)
19_511bf68c03118.png 250X174 px

Innsendt: 2/13 20:25:54

Endret av kolbjorn på 2013/2/13 21:26:07
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Re: Gimt!?
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
GIMP har ikkje eigen funksjon for å lage header. Men det går fint an, trur eg. Du må bare presisere litt meir nøyaktig kva slag header du vil lage. Header for ei heimeside, blog, presentasjon osv.
Lage header med bilde + tekst, eller bare ein av delane.

Innsendt: 1/3 17:08:23
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Re: Gimp 2.8 på norsk
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
Bare hyggelig. Kos deg med GIMP.
Håper oversetterene etter hvert får ferdig bokmålsversjonen sli at du slipper å bruke engelsk. (Jeg har ikke tid til å oversette til både bokmål og nynorsk).

Innsendt: 2012/7/17 11:16
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Re: Gimp 2.8 på norsk
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
I GIMP 2.8 skal du kunne velje språk sjølv. Sidan du har engelsk versjon nå, gå inn på menyen Edit -> Preferences -> Interface. Der vil du heilt øvst i vindauget kunne velje språk. "Bokmål, Norwegian [nb]". (Ønskjer du nynorsk, vel du "Norwegian Nynorsk [nn]". Eg veit ikkje kvifor det er delt slik).
Dersom dette ikkje er nok for å skifte språk, sjå http://www.stuestoel.no/gimp/gimpNorsk.php.
Du finn den siste versjonen av «Hjelp for GIMP 2.8» på http://docs.gimp.org/nn/ eller http://docs.gimp.org/2.8/nn/. Desse sidene blir omarbeidde frå v 2.6 og er under arbeid, så ikkje alt er tilrettelagt for v. 2.8, men det kjem etter kvart. (Hjelp for GIMP er ikkje omsett til bokmål).

GIMP er nær 100% omsett til nynorsk. Ein del av komandoane som er omsette, kjem likevel på engelsk. Dette blir retta etter kvart i dei nyare versjonane. Rundt 70% av GIMP er omsett til bokmål.

Innsendt: 2012/7/12 21:52
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Re: Versjon 2.8
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
GIMP: I alle fall i Windowsversjonen kjem enkelte kommandoar på engelsk sjølv om dei er omsette til norsk. Dette vil betra seg etter kvart.
Handboka: Det meste er nå i orden, ser det ut til. Noen kapitttel ikkje ferdigskrivne, men det kjem etter kvart. Ver tålmodig. Dette er eit dugnadsarbeid.

Innsendt: 2012/6/15 16:45
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Re: Versjon 2.8
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
Omkring 50 % av GIMP 2.8 er nå omsett til bokmål, nær 100% til nynorsk. Noen ganske få og spesielle kommandoar er førebels ikkje omsette til nn. Det kjem etter kvart når vi finn ut av den norske terminologien.

Handboka for 2.8 er under arbeid. Det skjer endringar kvar dag.
Du kan få dei siste versjonane av handboka på norsk frå http://docs.gimp.org/nn/ eller http://docs.gimp.org/2.8/nn/. Dette er versjonane av handboka vi arbeider med for tida.Noe går litt på tverke av og til. For tida er det litt tilfeldig kva språk bilda kjem på. Akkurat nå blir ein del av bilda i den norske utgåva viste på italiensk eller japansk. Til gjengjeld er bilda i den italienske utgåva på norsk .

Innsendt: 2012/6/13 17:54
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Re: Laste ned skrift i Gimp 2.6
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
Hei
Du kan kanskje finne svaret i hjelp for GIMP på sida gimp-using-fonts.html. (Sjå i indeksen under Skrifttypar - Legg til).
Det er også forklart på sida http://www.gimp.org/unix/fonts.html.
Eg har ikkje prøvd dette sjølv. Bare fjerna for meg unødvendige skrifttypar som følgjer med GIMP. Kanskje andre har meir erfaring?


Innsendt: 2012/5/20 18:24
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Re: Gimp?!
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
Viss du bruker GIMP 2.6 eller 2.8 (den nyaste), er bildemenyen øvst i bildevindauget. «Fil» - «Rediger» - «Utval» - «Bilete» - «Lag» osv.
Klikkar du på ein av desse, kjem det fram nye val.
På bildet er bildemenyen ringa inn med blått. Eg ha klikka på «Fil» slik at alle vala i den menyen er synlege. (Dette er frå GIMP 2.8, Ser litt annleis ut i 2.6).

Legg ved fil:



jpg  menyane.jpg (91.35 KB)
19_4fa8e02b9db93.jpg 463X460 px

Innsendt: 2012/5/8 11:00
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Versjon 2.8
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
Første utgåve av GIMP versjon 2.8 er nå frigitt for både Linux (http://www.gimp.org/downloads/) og Windows (http://gimp-win.sourceforge.net/stable.html).
Omsetjingane til bokmål og nynorsk er ikkje ferdige, så noen av instruksjonane er på engelsk. Men det kjem etter kvart.

Også handboka for 2.8 er under arbeid. Førebels bør du kanskje bruke handboka for 2.6

Innsendt: 2012/5/7 12:36
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør


Re: Gimp?!
Erfaren bruker
Medlem siden:
2006/7/30 13:24
Fra Lyngdal, Vest-Agder
Gruppe:
Registered Users
Innlegg: 167
Nivå : 11; EXP : 96
HP : 0 / 274
MP : 55 / 5470
Avlogget
Eit søk på internett på "GIMP header" ga nokså mange treff. Prøv noen av dei.
Eller prøv dette:
1. Last inn bilde i GIMP ved å gå til bildemenyen og trykke på «Fil» og deretter på «Opna». Du vil då få fram ein filutdoeskar der du kan bla deg gjennom datamaskinen etter bilde. Skal du opne bilde frå internett eller eit nettverk, vel du «Opna frå ei adresse».

2. Lage header. Trykk «Fil» + «Nytt». Kjem då opp eit vindauge der du skriv inn breidde og høgde på headeren og trykker «OK». Nå kan du kopiere dei nedlasta bilda dine ved å klikke på eitt av bilda for å gjere det aktivt og deretter trykke Ctrl+C for å kopier bildet. (Eller frå menyen: Rediger -> Kopier). Klikk på heading for å gjere bildet aktivt. Vel frå menyen Rediger -> Lim inn som -> Nytt lag. Gjer det same med dei andre bilda du har.

3. Plassere bilda. Klikk på heaer. Klikk på flytteverktøyet i verktøykassa. I eit av dei andre vindauga på skjermen finn du nå ei liste over alle laga i bildet. Klikk på det laget du vil flytte på og gå til header og hald nede venstre museknapp for å dra laget (bildet) dit du ønskjer det. Gå til lagdialogvindauget igjen og gjer deit av dei andre laga aktive ved å klikke på det. Tilbake til header og flytt laget. Fortsett til alle laga er plasserte.

4. Lagra header. «Fil» -> «Lagra». Vel eit passande namn for header og ein passande stad å lagre.

Ikkje så enkelt å forklare dette i dette forumet, men du kan også sjå litt på http://www.stuestoel.no/gimp/tips/plakat.php Innføringa er ikkje skriven for å lage header, men noen av prinsippa er dei same. (Er skriven for GIMP 2.4, men du finn sikkert ut av det).
Lukke til.



Innsendt: 2012/5/7 12:28
_________________
Helsing
Kolbjørn
Overfør posten til andre applikasjoner Overfør



 Topp
(1) 2 3 4 ... 17 »




Powered by XOOPS 2.4.4 © 2001-2010 The XOOPS Project